Fugleliv på Stetta
Det er så deilig å vere på Stetta. Vi lever i nuet og møter det som oppstår undervegs. På onsdag gløymde vi nesten å gå tilbake til barnehagen og klokka gjekk så alt for fort. Godt teikn, syns vi ;)
Viss vi ligg på magen, musestille, og kikkar på fuglebrettet vårt, får vi oppleve fuglane på nært hold. Barna klarar godt å kviskre seg imellom, når dei vil fortelje kvarandre kva dei tenkjer og ser. Det forstyrrar ikkje fuglane som forskyner seg av matfatet. Vi gler oss til endå meir fugleliv på Stetta no framover mot våren.