Vi lagar flagg
Siste veke hadde vi fokus på samane sin kultur og det første vi gjorde var å lage eit felles flagg, som i seg sjølv var ein god prosess med blant anna fokus på farge og form. Her var det 9 barn rundt bordet som skulle finne fram til ei løysing saman - og vi vaksne vart ei støtte når dei følte behovet. Det var spennande å lytte på barna sine diskusjonar rundt bordet, ein etter ein kom med innspel. Dei resonnerte seg fram til løysingar, med hjelp av maling, blyant og linjal. Barna studerte eit lite bilde av eit sameflagg som vi hadde på mobilen. Mobilen vart lagt ned på arket slik at alle fekk sjå.
“ Nei dette skjønte eg ingenting av”, var det eit barn som sa. Og så fekk barnet ei ny forklaring frå gruppa. “ Å no skjønte eg det!”, sa barnet igjen, og dei kunne fortsette arbeidet. Spørsmål som dukka opp var mellom anna: Er det den raude eller blå som skal ha den største firkanten i flagget? Kor skal blåfargen i sirkelen stoppe? Korleis skal vi få stor nok sirkel til det store arket vårt? Barna var løysningsorienterte og gjekk i kjøkkenskapet og fann den største gryta vi hadde - med denne fekk vi akkurat passelig sirkel, syns vi.