Vår grunnstein

Ein skapande musisk møteplass

I Nordstranda barnehage ynskjer vi at barnet skal få oppleve seg sjølv som eit skapande og uttrykkande menneske i møte med andre. Med bakgrunn i vårt menneskesyn og pedagogiske forankring, har vi valt oss ein grunnstein i arbeidet, ein visjon. Barnehagen vår er ein skapande musisk møteplass.

 
 
 
 
Bilde_2452.jpg

Kva er det musiske?

Vi har med vit og vilje valt å ha fokus på det musiske og ikkje berre musikk. Omgrepet musisk tek utgangspunkt i den greske myten om korleis dei ulike kunstartane vert ein måte å uttrykkje seg på og slik skape meining i  tilværet. Dans, musikk, dikt, forteljing, biletkunst og teater for å nemne nokre. Desse uttrykksformene representerer ulike måtar mennesket kan formidle opplevingar og kjensler på til andre, og vil i større eller mindre grad vere til stades i alt mellommenneskeleg samspel. Slik er dei og med på å forme oss som menneske.  Det musiske er eit språk for kjensler og personlege opplevingar og for oss er dei verktøy i kvardagen som t.d.  pregar korleis vi møter kvarandre og korleis vi forsterkar element i samspelet og leiken mellom oss. 


Fremjer utvikling

Nyare forsking framhevar skapande musisk aktivitet som viktig for utvikling av språk, kreativitet, sosial og emosjonell kompetanse og motorisk dugleik. I nyare utviklingsteori har psykoanalytikarane Colwin Trevarten og Daniel Stern prega spedbarnsforskinga med sitt fokus på  korleis det musiske i alle menneske stimulerer samspel og, emosjonell-, verbal, motorisk- og kognitiv utvikling. Dei har og vore opptekne av korleis det musiske er ein måte å forstå og beskrive sosialt samspel på.


Gjenkjenning og improvisasjon

Pedagogane Terje Melaas og  Kjetil Steinsholt held i si forsking fram betydninga av førestellingsevne og improvisasjonskunst i barnehagen. Dette opnar for dei musiske augeblinka med tid til å sleppe til andre og andre sine idear og innspel,  og å sette seg sjølv på vent. Det vert viktig å finne rytmen og dynamikken i samspelet og klinge ilag. Dei er opptatt av å vere undrande i forhold til det som oppstår. Barn elskar repetisjon og har rett på å oppleve gjenkjenning som igjen opnar for improvisasjonen der det blir skapt noko nytt i det gamle. I barnehagen er vi opptekne av å finne balanse mellom gjenkjenning – rutinar og det umiddelbare – improvisasjon.

 
 
 
Bilde_7302.jpg

Vårt syn på leik

Vårt syn på leik

 
 

Barn sine læringsprosessar er som mest aktive når dei «berre leikar». Ut ifrå denne filosofien legg vi til rette for dagar i barnehagen der det er tid og rom for leiken, som igjen gjev barn dei beste læringsprosessar. I leiken står barn sjølv for manus og regi. Her opplever barn meining gjennom å skape samanheng og å meistre, som igjen gjev motivasjon for vidare leik. Leike for å leike gjev erfaringar og ny meining.

Leik er barn sin veremåte. I lag med det musiske, er leik eit naturleg uttrykk for barn, ein tilstand å vere i. Vårt syn på barn, leik, kunnskap og læring, tar utgangspunkt i barna sine interesser, erfaringar, tankar og innspel. Barn er aktive, ressurssterke individ i den forstand at dei har eige driv og kraft til å tileigne seg ny kunnskap, til å vekse og utvikle seg.

Barn opplever med heile seg. Dei tek inn informasjon og læring gjennom sanseinntrykk, og bearbeider og utvidar opplevingane ved å lukte, smake og å kjenne. Sjå, lytte, sanse, oppleve og erfare er ein viktig del av barna si totale utvikling.