Nordstranda barnehage

Ein skapande musisk møteplass.

Nordstranda barnehage ligg på Vereide, omgitt av gravhaugar, jordbæråkrar og frukthagar. Som gode naboar har vi Austrheim barnehage, Nordfjord Folkehøgskule, og prestegarden i Gloppen der vi ofte besøkjer dyra.

Vi deler hus med Austrheim barnehage. Som vaksne og barn ser vi mykje til kvarandre, og venskap vert etablert på tvers av barnehagane. Ein resurs i kvardagen og eit godt utgangspunkt for ein seinare felles skulegong for borna.

Barnehagen har to avdelingar:
Gangar med 12 plassar (0-2 år)
Springar med 24 plassar (3-6 år)

Opningstider:
Alle kvardagar kl. 07.30 til 16.30

Planleggingsdagar, julafta og nyttårsafta er stengt.
Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.00.
Barnehagen har feriestengt i veke 29 og 30.

 
 

Barna sin kvardag nær naturen. Video av Ronny Solheim.

Foto: Ronny Solheim

Foto: Ronny Solheim