Ein skapande musisk møteplass. 

 
 
 
Nordstranda-barnehage-framside.jpg
 
 
 
 
Bakgrunn-4-IMG-2665.jpg
 
Tilsett-Kristin-IMG_4135.jpg

BLI KJEND MED DEI TILSETTE I BARNEHAGEN

Dei tilsette er vår viktigaste ressurs for å gje ditt barn ei best mogleg tid i barnehagen. Vi vektlegg at samspelet mellom barn og vaksen er prega av improvisasjon, spontanitet, imitasjon, sensitivitet, undring og evna til å vere til stades i situasjonar med kropp, blikk, stemme og språk.

46151046_506348429846254_7404328308961181696_n.jpg

Stetta

Stetta har vore vår turplass i mange år med sin skog, akebakke, tau å balansere på  og andre spennande aktivitetar som lett kan oppstå der. Moglegheitane er mange, og her er det alltid bra å kome uansett vær. Varmen stig inne når det vert fyr på grua i hytta. Då hytta ligg  rett i nærleiken til barnehagen, er den lett tilgjengeleg for liten og stor. Lysfest på Stetta ilag med familiane til barn i barnehagen,  er ein årleg tradisjon og finn stad i november.

Etter at den 2. gapahuken vår på Stetta blåste ned vinteren 2016, valde vi  å byggje eit nytt solid byggverk, denne gongen ei hytte. Vi er mykje på tur og uteliv gjer oss alle i barnehagen godt.

Stetta er eit gamalt namn bruk på området der hytta ligg. Føl vi stien til Stetta og vidare forbi hytta vår,  kjem vi ned til Vereide kyrkja som ligg ved fjorden.

Utviklingsplan-for-Nordstranda-barnehage.gif

Utviklingsplan

Utviklingsarbeid i barnehagen føregår stadig og vår modell i dette arbeidet har vi utforma som ein sirkulær figur. Gjennom sirklane ynskjer vi å synleggjere korleis alt vårt arbeid heng saman og gjentek seg, likevel alltid med nye variantar. For meir informasjon om utviklingssirklane, klikk på knappen nedanfor.

Grunntonen.jpg

Grunntonen

Grunntonen er ein arbeidsreiskap for personalet, og for foreldre eit dokument som fortel kva dei som brukarar kan forvente seg av barnehagen. Gjennom Grunntonen  gjer vi greie for vår pedagogiske ståstad, kva som er kjenneteikn for filosofien i grunnsteinen, og korleis den inspirerer oss og er grunnleggande i forhold til dei val vi tek i kvardagen.

Bilde_2443.jpg

MÅNADSPLANAR FOR GANGAR (0-3 år) OG SPRINGAR (3-6 år)

Kva står på planen i morgon og kva bør du pakke av utekle eller andre ting til ditt barn? På denne sida legg vi ut månadsplanane for Gangar og Springar, samt andre planar som kan vere av interesse for foreldre og andre foresatte. 

 
 
 
 
 
 
 
 
Bakgrunn-kvadratisk-IMG-2790.jpg