Kvalitets- og leiingsprogram

“Beste Praksis” som eit kvalitetssystem i barnehagen

20180126-IMG_3524.jpg

Saman med dei andre barnehagane i Gloppen,  gjennomfører og er vi ein del av  eit Kvalitets og leiingsprogram.  Programmet har fokus på å styrke barnehagen som ein lærande organisasjon. I dette kvalitetssystemet får alle pedagogar opplæring og målet er å skape tydelegare leiing og medskaping i heile organisasjonen. Gjennom faglitteratur og felles refleksjonsøkter over eiga praksis, skjer kompetanseheving hos den enkelte. Ved å nytte felles metodar arbeidar alle tilsette i barnehagen fram ein beste praksis for si avdeling innan ulike fokusområde. Fokusområde har vore:

20180126-IMG_3525.jpg
  • God dialog ved velkomst (vår 2016)

  • Gode relasjonar mellom barn i uteleiken (haust 2016)

  • Det kreative leikerommet (vår 2017, haust 2017)

  • Språkfremjande augneblink i hovudmåltidet (vår 2018)

  • Formidling i lesestunda (haust 2018)

  • Formidling i hentesituasjonen (vår 2019)

  • Anerkjennande vaksne i påkledningssituasjonen (vår 2020)

  • Tilbakemelding mellom personalet i barnehagekvardagen

    (haust 2020 og vår 2021)

Etter å ha jobba med eit fokusområde i 3 – 4  mnd, presenterer vi vårt arbeid, praktisk og fagleg for dei andre barnehagane i kommunen. Her feirar vi ervervelsen av ny kunnskap og lærer av kvarandre. 

Leiing – meistring – tillit – arbeidsglede – betre prestasjonar.