retningslinjer

OVERORDNA RETNINGSLINJER FOR DRIFT AV STIFTINGA NORDSTRANDA BARNEHAGE.

 
 

§ 1 Eigartilhøve og drift

Nordstrandabarnehage er ei eiga stifting, som vert driven av dei foreldra som til ei kvar tid har plass i barnehagen. Styret i stiftinga har det overordna ansvaret for drifta og er barnehagen sitt øvste organ.

Barnehagen skal drivast i samsvar med gjeldande lover, føreskrifter, tariffavtaler og vedtak fatta av styret for Stiftinga.

§ 2 Føremål

Barnehagen skal arbeide i samsvar med «Lov 17.juni 2005 NR.64om barnehager» : 

”Barnehagen skal gje born under opplæringspliktig alder gode tilhøve for utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med borna sine heimar.

Barnehagen skal hjelpe til med å gje borna ei oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar”.

§ 3 Foreldrerådet

Foreldrerådet er samansett av foreldra/føresette til alle barna i barnehagen. Ved avstemming gjeld ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak.

Oppgåvene til foreldrerådet går fram av ”Lov om barnehagar § 4”

§ 4 Opptak

Opptak av barn skal gjerast etter kunngjering i pressa. Søknad om opptak skal skje elektronisk på eit felles fastsett skjema for barnehagane i kommunen. Skjema finn ein på www.gloppen.kommune.no. Det er 2 opptak i året. Eit hovudopptak med søknadsfrist 1.mars, og eit suppleringsopptak med søknadsfrist 1.oktober. Opptak skjer i samsvar med dei kommunale barnehagane. Styret i Nordstranda barnehage avgjer opptaket etter innstilling frå styrar.
 
Søknad om endra barnehageplass for nytt barnehageår er sett til 15.februar. Dette gjeld endring i prosent og byte av barnehage.

Dersom du søkjer byte av barnehage, og får ønskje ditt innfridd, mister du automatisk plass i den barnehagen du går i no. Ønskjer du likevel ikkje plass i ny barnehage, må du søkje på nytt ved hovudopptaket ogvert då prioritert på lik linje med nye søkjarar.

§ 5 Opptakskriteriar

Dersom det vert større søknad enn barnehagen har plassar til, skal det tildelast plass etter følgjande prioriteringar :

  1. Auke plass for dei med redusert plass i barnehagen.
  2. Barn med nedsett funksjonsevne (jf. barnehagelova § 13).
  3. Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester§§4-12 og 4-4
  4. Sysken til barn i barnehagen.
  5. Utover dette får styret fullmakt til å prioritere ut frå kva som er mest hensiktsmessig for barnehagen sin heilskap.

§ 6 Opptaksperiode og oppseiingsfrist

  1. Nytt barnehage år tek til 15. august.
  2. Når ein har fått plass i Nordstranda barnehage, har ein rett på plassen fram til skulepliktig alder.
  3. Oppseiing av barnehageplassen skal skje skriftleg. Oppseiingstida er 3 månader.

§ 7 Opningstid

Barnehagen har ope måndag – fredag frå kl. 07.30 –16.30.
Etter avtale med foreldra opnar vi kl. 07.15 dei dagane det er behov for det.

I Romjula og påskeveka vert opningstider vurdert i forhold til behov.

Barnehagen er stengd i 2 veker om sommaren veke 29 og 30.

Barna skal i barnehageåret ha 1 mnd. ferie,  av dette 3 veker samanhengande ferie i juni / juli / august. Juli er betalingsfri månad.

Barnehagen held stengd inntil 5 dagar som planleggingsdagar for personalet.

Foreldra får tilsendt barnehageruta kvart år.

§ 8 Internkontroll

Barnehagen har ein eigen perm for Internkontroll. Styrar har ansvar for gjennomføring av rutiner og kontrollar. Permen skal oppdaterast av styrar etter utførte endringar. Permen skal stå tilgjengeleg i barnehagen.

§ 9 Fastsetjing av foreldrebetalinga

Styret fastset foreldrebetalinga og sysken reduksjonen i barnehagen. Barnehagen har 30% syskenrabatt til sysken nr 1. Dvs. at barnet med den minste plassen betalar 70 % av prisen. Syskjen nr 2 får 40% rabatt. Dvs at barnet med den minste plassen betalar 60% av prisen.
Frist for å betale er sett til den 15. kvar månad.

§ 10 Leike – og opphaldsareal

Det totale leikearealet i lokalet til Nordstrandabarnehage er ca. 177,5 kvm. Godkjend leike – og opphaldsareal er større enn normene i”Føreskrift om miljøretta helsevern”, § 9.

  • Avdeling ”Springar” er godkjend for 18 plassar, i alderen 0 – 6 år.
  • Avdeling ”Gangar” er godkjend for 16 barn i alderen 0-3 år eller 23 barn i alderen 3-6 år

§ 11 Iverksetjing og endring av ”Overordna retningslinjer for drifta”

Retningslinjene for Nordstrandabarnehage vert gjort gjeldande frå 01.02.13.

Endring av retningslinjene kan berre gjerast av styret.