Anne Hugvik
Styrar/dagleg leiar
Utdannet barnehagelærar i 2002 med småbarnspedagogikk som fordypning. Har jobba i Nordstranda siden 2009.
Eg er mamma til fire barn, og er bonde med sauer, gjess, høner mm. :-) Har stor interesse for sang og musikk, er glad for å bu omkrinsa av fjell, og tenkjer at Gloppen er en glitrande stad å bu!
Kristin Onstad Takle
Avdelingsleiar, Gangar.
Etter endt utdanning i Bergen i 2002 flyttet eg til Stavanger i nokre år og debuterte som pedagogisk leiar før eg flytta tilbake til heimstaden min i 2005. Her har eg jobba som pedagogisk leiar i ulike barnehagar før eg begynte i Nordstranda barnehage i 2010. Hennes trivast eg godt!
Eg likar å gå fjellturar og å vere ute i naturen, les mykje bøker og strikkar litt innimellom. Har tre barn og ein mann.
Grunnutdanning: Førskulelærarutdanning
Tilleggsutdanning: IKT i pedagogisk arbeid med barn og Mentor utdanning
Sunniva Grov Døskeland
Avdelingsleiar, Springar
Har jobba i Nordstranda barnehage siden 2010.
Utdanning: Barnehagelærar utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, der hadde eg “Musikken med de minste” som fordypning og avsluttet utdanning i 2016 med å skrive og en bacheloroppgåve om “Dei musikalske grunnelementa i kommunikasjon og samspel”.
Vidareutdanning innen Språkutvikling og språklæring, inkludert barn med norsk som andre språk.
Eg har 3 barn og er spesielt glad i travsport, hest og friluftsliv.
Eili Eikenæs
Barnehagelærar/spes ped. Springar
Utdanning: Barnehagelærar ved universitetet i Agder. Eg hadde småbarnspedagogikk som fordjupningsfag.
Eg flytta tilbake til Sandane hausten 2022, og var heldig som fekk meg jobb i Nordstranda barnehage. Eg jobba 1 år inne på Gangar, hadde eit års avbrekk der eg jobba i butikk/familiebedrift, og er no tilbake på Springar.
Interesser: Høyre på lydbok, gå tur, vere med venner/familie og spele tennis.
Marlin Aa Bakketun
Pedagogisk leiar, Gangar
Eg har jobba i Nordstranda Barnehage sidan sommaren 2014. Eg har 3 barn og eg er glad i å gå på tur.
Utdanning: Førskulelærar -hovudmodell frå DMMH i Trondheim. Fordjupning i småbarnspedagogikk.
Siri Karin Myklebust
Pedagogisk leiar,Springar
Ferdig utdanna barnehagelærar i 2011 ved Høgskolen i Bergen med fordjupning i musikk. Året etter jobba eg som vikar i fleire barnehagar samtidig som eg tok etterutdanninga GLSM (grunnleggende lese, skrive og matematikkopplæring).
Fekk deretter jobb i ein Espira barnehage med heile 15 avdelinger. Her jobba eg i 2 år, både som pedagogisk leiar og som barnehagelærer. I 7.5 år jobba eg i Akasia barnehage. Her jobb eg på småbarn og på storbarnsavdeling, både som pedagogisk leiar og som barnehagelærer.
Etter 13 fine år i Bergen tok eg med sambuar og barn heimover til Gloppen.
Interesser: være ute i naturen, reise .
Annlaug Skarstein Vanberg
Fagarbeidar, Springar
Eg bur i Kandalen og har tre vaksne gutar og 4 barnebarn. Har vore bonde ilag med min mann på ein gard som no neste generasjon har tatt over.
I tillegg til niårig grunnskoler har eg 2 år kontor og administrasjonutdanning (handelskule). Som vaksen tok eg fagbrev som barne og ungdomsarbeider.
Har jobba i Kandal bhg. i 5 år (eit av dei som styrar / pedagogisk leiar). Jobba som vikar i dei kommunale barnehagane fram til 2004 då eg starta i Norstranda barnehage. Er tilsett som fagarbeider, men har og i perioder vore på dispensasjon som pedleiar2 på småbarnsavd.
Jolanta Elzbieta Wijata
Fagarbeidar, Gangar
Eg er frå Polen og kom til Norge ilag med min mann og to søner i 2010.
Utdanning har eg frå jordbrukshøgskulen med spesialisering innen økologi. Jeg har også ein 2 årig pedagogisk utdanning. Eg har og vore verje for barn på sommarleir. Etter administrasjonsutdanning ved høgskulen, jobba eg i fleire år som avdelingsleiar på likningskontor i Polen. Der hadde eg eit særleg ansvar for studentar.
Hausten 2011 forrett f.eks i Nordstranda barnehage. Først vart eg tilsett som vikar og etter kvart i 100% fast stilling som fagarbeider.
Mine fritidsinteressa er blant anna fysisk aktivitet, reiseliv, sunn mat, i tillegg til å lese interessante bøker. Men det er viktigaste for meg er å auke kvalifikasjonane mine både i norsk og i barnehagefaget.
Ronny Solheim
Barnehagelærar, Springar
Eg vart utdanna barnehagelærar i 2012. Jobba i Nordstranda Barnehagen siden hausten 2012. Mest på Springar (3-6 år) men og jobba litt på Gangar (1-3 år) dei første åra.
Utanom å være far til tre aktive gutar, er eg veldig glad i natur og brukar så mykje tid der som mulig. Naturfoto, stisykling og fjellturar er det kjekkaste eg gjere på fritida. Eg har fagbrev som tømrar og jobba tidlegare i div byggefirma og eit par år som båtbygger i Hyen.
Audhild Grov
Assistent Gangar
Eg lærer mykje av å jobbe i barnehage og synest det er veldig kjekt, givande, interessant og spennande å få vere en del av kvardagen her i Nordstranda barnehage!
Har ellers tatt fagbrev som hovslagar og jobber som sjølvstendig næringsdrivande dei dagane eg ikkje er i barnehagen.
På fritida mi driver eg mest med hund, der vi trener aktivt på lydighet og reiser rundt på utstillinger. Eiger også ein hest og liker det meste som innebærer friluftsliv.
Jeanette Sæland Aabrekk
Fagarbeidar Springar
Eg kjem frå Geilo og flytta til Sandane i 2015. Eg er gift og har tre nydelege ungar og bur i Almenningen.
Så lenge eg kan hugse har eg likt å vere ilag med ungar. Etter ferdig utdanna Barne - og Ungdomsarbeidar, fullførte eg ei halvårseining i spesialpedagogikk for assistentar våren 2013.
Eg har òg jobberfaring frå barneskule. Dei siste åra har eg vore tilsett i Nordstranda barnehage.
Interesser: Vere på tur. Vere i lag med venner og familie. Strikke.
Hanne Oftedal Musisk mentor
Margot Meling Nesgård
Fagarbeider og musikkterapeut, Gangar og Springar
Utdanning:
Idrett grunnfag I Stavanger
Sykepleie ved høgskolen i Trondheim
Musikkterapi her på Sandane
Rolle i barnehagen: Drar med meg det musiske og musikken i samlinger, grupper, oppe i trærne og i sklia. Utover det jobber jeg som fagarbeider. Har jobba i barnehagen siden 2009.
Tidligere erfaring med barn har jeg som dirigent for div. kor, søndagskolelærer, fotballtrener. Jobbet i 5 år som musikkterapeut i Gloppen kommune. Mor til tre. Interesser: Sang, fotball, KRIK, friluftsliv av ymse slagg.
Eli-Karin Hoddevik (permisjon)
Assistent, Springar
Assistent på springar. Starta i barnehagen i 2013. Har budd i Oslo 13 år, og har fulgt opp barn med spesiell behov i barnehage der i 4 år.
Lykkelig og heldig mamma til 3. Likar godt å rusle i hagen og prate med alt som spirar og kryr der.