snart skulegut eller skulejente?

Overgong mellom barnehage og skule.

 
Bilde_2712.jpg

Mål

6 åringen i Nordstranda barnehage skal kunne møte skulen med ei trygg forankring i eiga sjølvkjensle: «eg er ok som eg er» «eg er viktig». Kjenne seg trygg på si eiga verdi som eit heilt medmenneske i møte med andre.

6 åringen skal oppleve at i møtet med skulen finn ein igjen kjente element frå barnehagen – at skule og barnehagen har fellestrekk.

Kva som vektleggast i barnehagen året før skulestart

Siste år i barnehagen før skulestart, har vi eigne førskulegrupper ein gong i veka. I ein jamn aldersgruppe kan aktivitetane leggast opp ut i frå korleis gruppa fungerer i forhold til ferdigheiter og spesifikke interesser i gruppa. Dermed vil innhaldet gjennom eit førskule år aldri bli likt. Noko av det vi har fokus på i gruppene er imitasjon, turtaking, konsentrasjon, språkstimulering, mestring og kreativ utfolding.

Vår viktigaste agenda som barnehage er at førskulebarnet skal stå godt rusta til å møte resten av livet.

I løpet av året, i førskulegruppa, eller i sekvensar i løpet av dagen skal nære vaksne støtte og stimulereførskulebarna til:     

  • Å  stå for sine val og å  gjere seg gode erfaringar i motgang og medgang. Våge å eige sine meiningar.
  • Vi-kjensle – «vi er størst – og gode hjelparar. Vi klarar, vi kan hjelpe» Løfte fram barna.
  • Å kunne sjå situasjonar frå ulike synsvinklar, ikkje berre sitt eige «Tap og vinn med same sinn»
  • Å  sette ord på kjenslene sine og det som skjer rundt seg
  • Å vere med å planlegge både festar og aktivitetar/ oppgåver i kvardagen. Det skal planleggast, leiast, gjennomførast og i etterkant viktig å reflektere over korleis dette vart.
  • Å pakke sekken, orden i hylla, påkledning, ta imot beskjeder – evt skrive beskjeder heim på ein lapp
  • Å ha kvar sin perm der det vert samla noko av det barnet har laga. Kunne bla i denne, vise fram, vere stolt over eigne produkt, kjenne mestring, skape system og oversikt for barnet si eiga barnehagetid.
  • Å ha eit særleg omsorgs ansvar for dei barna som kjem frå Gangar til Springar på hausten.
  • Å delta i spel. Her er det viktigaste å delta og ikkje å vinne
  • Å halde på med ein aktivitet over ein lengre periode og å kunne avslutte noko før ein byrjar på noko nytt.
  • Leik med omgrep som preposisjonar og adjektiv.
  • Leik med noter, tal, bokstaver og geometriske former, følgje barna sin interesse.
  • Rytmeleik og regelstyrte musikkaktivitetar der barna får lære ulike songar og regler som er utgangspunkt til leik med rytme. Vi brukar ofte rytmeinstrument, afrikanske trommer og  bevegelse i utøving av desse.
  • Blyantgrep – teikning – bokstavane i namnet vårt . Må tilpassast kvar enkelt, vi må oppmuntre og støtte.
  • Å vere i små dramasekvensar ut i frå kjente barnesongar. Kanskje oppdagar både born og vaksne nye element i songtekstane?
  • Å lytte til musikk i ulik sjanger. Male til musikk, kvile til musikk, deling av opplevingar i musikken,  samtale og reflektere rundt musikken.
  • Atte katte rytmelek: Mange barn lærer å lese gjennom å kjenne igjen ord bilder. Slik kan òg små rytmedelar kjennast igjen for så å settast saman i kombinasjonar som eit byggekloss-system.
  • Å fordjupe seg i enkelte forteljingar som vert plukka ut i forhold til tema som barnehagen held på med. Dei  får høve  til å vere i ”forteljarstolen” sjølve der dei gjenfortel noko eller improvisere ei forteljing.
  • Å bruke og få kjennskap til ulike instrument, dei vi har i barnehagen og andre instrument,  gjennom å lytte, improvisere og leike seg med dei. 
  • Å prøve seg på det å lage eigne små vers/songar/regler/dikt.

Møte med skulen

Barnehagen arbeider for eit godt samarbeid med Nordstranda og Sandane skuler. Dette for å trygge barnet i møte med nye lærarar og medelevar, og å skape tidleg relasjonar mellom barna.

  • Frå hausten av og fram mot juni treffast førskuleborn frå Nordstranda, Austrheim og Bakkelidgrenda barnehagar jamleg. Anten på tur eller i kvarandre sine barnehagar.
  • Dei barna som skal byrje på Sandane skule, treffast rundt om i dei ulike barnehagane ein gong i veka våren før skulestart.
  • Skulane inviterer førskuleborn med foreldre til innskriving på skulen ein ettermiddag tidleg på hausten.
  • Skulane inviterer til førskuledag på våren.
  • Førskulebarna skal bli litt kjent med Sandane - og Nordstranda skule, skuleområdet, læraren og fadderane (6. klasse). Vi besøker skulen og avtaler møte med lærar og fadder på våren når skulen har dette klart.
  • Vi inviterer dei aktuelle lærarane på besøk i barnehagen, møte førskulebarna på heimebane og få eit møte med det miljøet barna kjem frå.
  • Overgangssamtale mellom pedagog i barnehage og barnet sin lærar i skulen om våren. Saman med foreldra vert vi  einige om kva som skal formidlast til skulen.
  • Personalet i Nordstranda, Austrheim og Bakkligrenda har møte med Nordstranda skule på hausten (kva er det beste frå barnehage – skule, felles barnesyn, kva jobbar vi med)
  • 1. klasse besøker barnehagen i løpet av hausten. Halde vedlike vennskap og relasjonar

Avskjed med barnehagen

Ein god avskjed og ei verdig avrunding av barnehagetida er viktig for førskulebarnet, men og for dei andre barna i barnehagen og dei vaksne. På sommarfesten får førskulebarna høgtideleg overrekt  kvar sin «fiolin» med bilde og gode ord. Samtidig som ein samtalar med barnet før dei skal slutte om kva som skal skje til hausten og å mimre over gode opplevingar ein har hatt saman med kvarandre i barnehagen.

Nordstranda barnehage 27.08.2014, revidert 28.06.2016