Vegleiing ved sjukdom

Barn og sjukdom.

 
 

Hjernehinnebetennelse

Mange virus og bakteriar kan vere årsak til hjernehinnebetennelse. Sjukdomen kan opptre i ulike former både som hjernehinnebetennelse og som blodforgifting eller som kombinasjon av desse. Smitten kan og arte seg som ein mindre alvorleg sjukdom med feber utan kliniske funn elles.

Smittemåte
I dei fleste tilfelle skjer smitten frå friske bærarar. Overføringa skjer ved dråpesmitte frå nase og hals. Når ein har nedsett motstandskraft aukar smittefaren.

Inkubasjonstid
2-10 dagar, vanlegvis 3-4 dagar.

Symptom
Symptoma kan vere feber, vondt i hovudet, kvalme og oppkast, stiv nakke og dårleg allmenntilstand. Ein kan sjå hudblødningar som ser ut som små raude eller blåraude prikkar under huda. Trykker ein glas mot prikkane og dei framleis er der kan det vere teikn på meningokokksjukdom. Typiske symptom som nakkestivhet og nedsett bevissthet kan kome relativt seint i forløpet. Sjukdomen kan ha eit svært hurtig forløp.

Behandling
Raskast mogeleg undersøking og antibiotikabehandling. Gjennomgått sjukdom kan hos ca. 10% gje fylgjetilstandar. Spesifikke nevrologiske skadar som for eksempel hørselsskade er sjeldan. Meir diffuse skadar som gjev konsentrasjonsvanskar og at barna fortare vert trøytte er hyppigare.

Råd ved uklar febersjukdom
Observer almenntilstanden, sjå etter hudblødningar dei fyrste døgna med nokre timars mellomrom, også om natta. Ver merksam på brekningar og rask forverring av allmenntilstanden. Ved feber, hovudverk og nedsett almenntilstand kontakt lege straks.

Hovudlus

Lus er blodsugande insekt som gjev sterk kløe. Lus og luseegg kan sjåast utan forstørringsglas. Hovudlus kjem ofte som utbrot i skular og barnehagar, spesielt om hausten. Hovudlus er ikkje assosiert med dårleg hygiene.

Smittemåte 
Lus smittar direkte frå hovud til hovud, sjeldnare gjennom felles bruk av kam, skjerf eller hue.

Inkubasjonstid
Kløe kan opptre etter 3-4 mnd.

Symptom
Kløe er ein allergisk reaksjon på lusestikka og kan vedvare etter at ein har fått bukt med lusa!

Diagnostikk
Påvising av egg eller lus ved inspeksjon og kjemming av hår med lusekam.

Behandling
Bruk av lusemiddel og kjemming av hår med fin kam. Lusemiddel kan ein kjøpe utan resept.

Tiltak ved enkelttilfelle eller utbrot
Familiemedlemmer bør undersøkast og behandlast dersom det vert påvist lus. Smitteoppsporing er tidkrevande men viktig. Lus i kleplagg og gjenstandar dør når dei ligg ubrukt ved romtemperatur i to døgn. Lusa dør hurtig ved frysing (-20 grader) og oppvarming til + 60 grader. Oppvarming av skular og barnehagar til 23 grader frå fredag til søndag har svært usikker effekt og verk ikkje tilrådd. Det er ikkje naudsynt å stenge skulen eller barnehagen ved utbrot av hovudlus. Den beste strategien er å undersøke for hovudlus og gje behandling til dei som har fått påvist lus. Barna bør undersøkast heime for hovudlus i nokre veker etter behandling, eller dersom det er mistanke om smitte. Barn kan gå på skulen dagen etter fyrste behandling.

Varsling
Personar som kan vere smitta bør informerast. Berre dei personar som har lus skal behandlast. Profylaktisk behandling aukar risikoen for resistensutvikling.

Meir informasjon om hovudlus→

Den 5. barnesjukdomen (erythema infectiosum)

Dette er ein virussjukdom som vanlegvis har eit lett og ukomplisert forløp forårsaka av Parvovirus B 19. Infeksjonen opptrer sporadisk eller epidemisk vanlegvis i aldersgruppa 5-12 år, ofte med lokale utbrot på skular og i barnehagar. Vaksne kan og få symptom. Ein ser gjerne større utbrot vinter og vår kvart 3. til 5. år. Ca. 50% av den vaksne befolkninga har antistoff mot viruset.

Gravide som får sjukdomen kan abortere eller det kan vere fare for sjukdom hos fosteret i siste del av svangerskapet.

Smittemåte
Dråpesmitte frå person til person. Smittar lettast før utslettet bryt ut, smittar truleg ikkje etter at utslettet har brote ut.

Inkubasjonstid
1-3 veker.

Symptom
Startar vanlegvis med høgrødt samanflytande utslett i ansiktet og lett feber. Ein til to dagar seinare kan ein få utslett også på andre deler av kroppen. Utslettet gjev ofte ein varmefølelse og lett kløe i huda. Vanlegvis få allmennsymptom men vaksne kan og få andre symptom som legg- og muskelsmerter og hovudverk. Utslettet går over i løpet av 7-10 dagar.

Behandling
Ikkje spesifikk behandling

Varsling
Ved mistanke om den 5. barnesjukdom bør gravide i barnehagen kontakte lege for evt. sjukmelding. Blodprøve kan påvise om ein har gjennomgått sjukdomen tidlegare.

Meir informasjon om den 5. barnesjukdomen (erythema infectiosum) →

Kikhoste

Kikhoste er ein bakteriell luftvegsinfeksjon. Ein får langvarig og kraftig hoste, ofte med karakteristiske kikeafall og brekningar. Kikhoste vert rekna som ein svært smittsam sjukdom. Spedbarn er mottakelege for smitte frå fødselen.

Etter at ein har begynt å vaksinere mot kikhoste har det gradvis vorte færre tilfelle. No får alle barn ei vedlikehaldsdose mot kikhoste i 2. klasse noko ein reknar med vil betre situasjonen ytterlegare.

Smittemåte
Dråpesmitte. Mest smittsam i tidleg stadium. Kikhoste smittar ubehandla sjeldan lenger enn tre veker etter at dei typiske hosteanfalla har begynt.

Inkubasjonstid
Vanlegvis 7 – 10 dagar.

Symptom
Sjukdomsforløpet vert delt inn i to stadium: Forkjølingsstadiet med symtom som hoste, feber og rennande nase. Etter 1-2 veker kjemanfallstadiet med intens hoste som kan vare i fleire veker med forsert inspirasjon (kiking), eventuelt med oppkast. Langvarig sjukdomsforløp i 6-8 veker eller meir er ikkje uvanleg. Kikhoste kan vere farleg for små barn, spesielt for spedbarn. Dødsfall p.g.a. kikhoste er i dag svært sjeldan i Noreg. Vaksne kan og utvikle typisk kikhoste, men som oftast får vaksne eit lettare sjukdomsbilete.

Behandling
Antibiotika har effekt dersom det vert gjeve tidleg i forkjølingsstadiet. Dersom ein startar behandling to veker etter symptomdebut, har den liten effekt.

Startar ein behandling tidleg i sjukdomsforløpet reknar ein å vere smittefri etter 5 dagar.

Varsling
Ved mistanke om kikhoste skal foreldra få beskjed med råd om å kontakte lege. Legen er ansvarleg for vidare varsling og tiltak.

Meir informasjon om kikhoste →

Augekatarr

Augekatar rammar ikkje sjølve auget og er såleis ikkje farleg for synet. Tilstanden er svært vanleg og er hyppigast hos barn og eldre.

Betennelsen kan skuldast bakteriar eller virus og det kan vere vanskeleg å skilje dei to.

Smittemåte
Kontaktsmitte. Direkte kontakt med augesekret frå ein smitta person eller indirekte kontakt gjennom forureina fingrar, handkle o.l.

Inkubasjonstid
Ved bakteriell augekatar er inkubasjonstida vanlegvis 1-2 døgn, ved viral infeksjon er inkubasjonstida frå 5-12 dagar.

Symptom
Bakteriell augekatar: Sekresjon som raskt blir purulent med samanklistra augelok om morgonen. Det andre auget blir vanlegvis infisert i løpet av eit par dagar.

Viral augekatar: Raudt rundt auge og ofte tåreflod. Svie og ubehag er meir uttalt enn ved bakteriell infeksjon.

Augekatar vil nesten alltid gå over av seg sjølv etter 1-2 veker. Komplikasjonar er sjeldne.

Behandling
Reingjering og vask av augene med reint vatn. Ved mistanke om bakteriell augekatar skal ein kontakte lege for behandling. Viral augekatar treng vanlegvis ikkje behandling.

Forebyggande tiltak
God hygiene og unngå felles bruk av handkle.

Augekatarr og barnehage

Det er ikkje grunnlag for å anbefale at barnehagebarn med mild til moderat augekatarr haldes heime. Ved kraftig augekatarr med rikeleg pussdannelse bør barnet haldes hemie inntil pussdannelsen har avtatt. Dette grunna risiko for å smitte andre barn. Ved kraftig øyekatarr vil det ofte vere behov for legekontakt. Barnet sin allmenntilstand vil også i stor grad styre behovet for å vere heime frå barnehagen.

Det må vere opp til føresette å avgjere om eit barn som har symptom på augekatarr skal undersøkast av lege. Barnehageansatte kan generelt ikkje gjere krav på at barn med augekatarr-symptom skal undersøkast eller behandlast med augedråper før dei kan få gå tilbake til barnehagen, men kan ved tvil drøfte dette med barnet sine føresette. Vert behandling igangsett, kan barnet gå i barnehage dagen etter igangsatt behandling.
Dersom det vert påvist fleire tilfelle av augekatar i ein barnehage, kan det vere akutelt å halde barn heime.

Meir informasjon om augekatarr →

Brennkoppar

Brennkoppar er overflatiske hudinfeksjonar forårsaka av bakteriar. Sjukdomen smittar lett, hovedsakeleg med kontakt frå person til person og det rammar fyrst og fremst barn under 12 år.

Symptom
Utslettet tek til på eit avgrensa hudområde med små væskefylte flekkar som det går hol på, samtidig som det dannar seg honninggule skorper på raud botn. Rundt dette utslettet dukkar det ofte opp nye blemmer. Utslettet kan kome på heile kroppen men er vanlegast i ansiktet, i hovudbotnen og på hendene. Barn som får brennkoppar er som regel ikkje sjuke elles, men feber kan forekome og kløe er vanleg.

Forebyggande tiltak

  • God handhygiene er det viktigaste. Ved utbrot i barnehagar og skular må god og systematisk handhygiene innskjerpast. Bruk flytande såpe og papirhandkle.

  • Ikkje del såpe og handkle med andre.

  • Dekk alle sår så godt som mogeleg.

  • Ein bør vaske leikar og felles kontaktpunkt (som trykkertar, bord o.l.) dagleg med såpe og vatn. I tilfelle der det er viktig å få rask kontroll med situasjonen, kan bruk av klorin til desinfeksjon av felles kontaktpunkt vere nødvendig.

Behandling
Vask såra med vanleg såpe og vatn. Laustsitjande skorper kan fjernast forsiktig ved vasking, medan fastsitjande skorper ikkje skal rørast. Dekk til såra med tørre kompressar. Ein bør og smørje såra med Bacimysin- eller Brulidinsalve (desse er utan respt). På grunn av aukande resistensutvikling overfor fusidinsyre hos gule stafylokakkar bør Fucidin salve/krem ikkje brukast. Barn som har mykje utslett kan ha behov for antibiotikabehandling i tillegg til lokalbehandling. Foreldra må vurdere om dei bør ta kontakt med lege for å ta prøve av såret til resistensbestemmelse, slik at ein kan behandle med rett antibiotika.

Barn i barnehage
Barn med brennkoppar kan vere i barnehage når såra er små, få og godt tildekka. Barn med utbredte brennkoppar bør vere heime inntil såra er tørre, i god tilheling og det ikkje lenger er fare for at smitteførande sårsekret kan påførast andre barn direkte eller indirekte gjennom kontaktpunkt

Meir informasjon om brennkoppar →

Coxackievirusinfeksjon (hånd-fot-munn-sjukdom)

Dette er ein mild utslettsjukdom som ofte opptrer som mindre utbrot i barnehagar kvar sommar og sein haust. Det er ikkje det same som munn- og klovsyke, som er ein svært smittsam sjukdom hos tamme og ville klovdyr og vert forårsaka av eit anna virus.

Smittemåte og smitteførande periode
Kontaktsmitte gjennom direkte kontakt med nase- og halssekret (for eksempel ved deling av babysmokk eller flaske) og avføring. Muligens og nærdråpesmitte. Smittefaren er størst like før symtomdebut. Virus kan utskillast i avføring i 4-6 veker.

Inkubasjonstid
Ca. ei veke.

Symptom
Ca. 90% av tilfella er asymptomatiske. Hand-fot-munn sykje gjev moderat feber, vondt i halsen, utslett i munnhole med blemmer, utlett rundt handflata og under fotsolen. Utslettet varer ca. ei veke. Gjennomgått sjukdom gjev livsvarig immunitet.

Behandling
Ikkje spesifikk behandling

Forebyggande tiltak
God handhygiene og reingjering i barnehagar.

Tiltak ved enkelttilfelle eller utbrot
Ved utbrot av hand-fot-munn sykje i barnehage og skule tilrår ein hygieniske tiltak som: God handhygiene og vask av stellebord og liknande. Barn kan gå i barnehagen ved god allmenntilstand uavhengig av utslett.

Meir informasjon om coxackievirusinfeksjon (hand-fot-munn-sjukdom) →

Den 4. barnesjukdom (exanthema subitum)

Virussjukdom som har mange namn: tredagars feber, 6. eller 4. barnesjukdom. Ein ser sjukdomen stort sett hos barn frå 6 månader og til 3 års alder. Barnet får høg feber i ca. tre dagar med etterfølgande utslett. Sjukdomen opptrer oftast om våren.

Smittemåte og smitteførande periode
Truleg nærdråpesmitte og smitteførande så lenge utslettet varer, dvs. ca. 1 veke. Gjennomgått infeksjon gjev livslang immunitet.

Inkubasjonstid
5-10 dagar.

Symptom og forløp
Høg feber i ca. 3 dagar med få eller ingen andre symptom. Deretter fell temperaturen og utslettet kjem. Det startar gjerne på overkroppen og brer seg til armar og bein. På grunn av høg feber kan feberkrampe forekome, elles ingen komplikasjonar.

Meir informasjon om den 4. barnesjukdom (exanthema subitum) →

Vannkoppar

Vanlegvis luftsmitte (fjerndråpesmitte), men og gjennom direkte kontakt med væske frå utslettet. Svært smittsam 1-2 dagar før og 3-4 dagar etter debut av utslettet.

Inkubasjonstid
2-3 veker, vanlegvis 14 dagar.

Symptom og forløp
Lett feber, rask utvikling av utslett til væskefylte utslett som også kan kome på slimhinner. Det væskefylte utslettet tørkar inn og det kjem skorper som ramlar av i løpet av 1-2 veker. Ein skal passe på at blemmene ikkje blir betente. Vannkoppar er oftast ein ufarleg sjukdom hos elles friske personar.

For heilt nyfødde babyar kan vannkoppar vere alvorleg.

Tiltak ved enkelttilfelle eller utbrot
Barn med vannkoppar skal vere borte frå barnehage/skule til utslettet har begynt å tørke inn. Gravide som ikkje har hatt vannkoppar bør vere forsiktige med kontakt med barn som har det.

Utslettet kan ein smørje med zinksalve og/eller kvitvask. Barn som får hoste når dei har vannkoppar skal kontakte lege.

Hygieniske prinsipp ved reinhald

Mål: 

  • Fjerne sjukdomsframkallande mikroorganismar

  • Fjerne organisk materiale som kan vere eit reservoar for smittestoff

Ved all reingjering skal brukast hanskar.

  • Golvvask. Mopp og spruteflaske, vanlege reingjeringspreparat.

  • Toalett: Eigen klut for kvart toalett, vanlege reingjeringspreparat.

  • Alle moppar og klutar skal vaskast i maskin på min. 60 grader etter bruk.

Ved synleg søl av blod eller smitteførande kroppsvesker kan det vere behov for flekkdesinfeksjon. Dette kan gjerast på ulike måtar. I skular og barnehagar kan ein bruke rein Klorin som desinfeksjonsmiddel.

  • Ved mindre mengder blodsøl kan dette straks fjernast med papirhandkle eller liknande fukta med desinfeksjonsmiddel. Vanleg reingjering etterpå.

  • Papirhandle eller likanande vert lagt over det tilsølte området. Alt vert gjennomfukta med desinfeksjonsmiddel. Etter angitt virketid for deinfeksjonsmiddelet fjernar ein papiret saman med sølet. Vanleg reingjering etterpå.

Meir informasjon om vannkoppar →

Kjelde: Smittevernhåndbok for kommunehelsetjenesten 2002-2003

Smittevernloven – Veileder IK-2552

Menneskebitt

Rutinar ved menneskebitt

•         Det fyrste ein bør gjera dersom barnet blir bitt er å stoppe eventuell blødning ved å trykke mot såret. Deretter bør såret desinfiserast med såpe og vatn eller sårvaskevatn.

•         Ein kan også smøre på ei sårsalve for å redusere risikoa for infeksjon.

Vent eitt døgn

•         Det vert anbefalt foreldre å avvente utviklinga. Dersom det ikkje er teikn til infeksjon i huda etter eit døgn, har det gått bra. Dersom huda er raud og hova kan det ha blitt ein infeksjon, og då bør ein oppsøke lege. Stort sett kan ein vente til fastlegen har åpna, dagen etter.

•         Men er det snakk om store sår, kan det løne seg å starte med antibiotikabehandling med ein gang. Dess større såret er, dess større er sjansen for at det blir ein infeksjon, og då er det lurt å byrje behandlinga så tidleg som mogeleg.

•         Alle barn som fylgjer det ordinære vaksinasjonsprogrammet blir vaksinert mot stivkrampe. Men stivkrampebakteriar er berre ein av mange virus og bakteriar som kan utløyse ein infeksjon ved bitt. Barnet er difor ikkje sikra sjølv om det er vaksinert mot stivkrampe.

Stivkrampevaksinen beskyttar ikkje

•         Dette er en utbredt misforståing. Stivkrampebakterien finnast både i jordsmonn og hestemøkk. Dersom barnet trakkar på ein spiker som ligger i jorda er risikoen til stade for at de får denne bakterien under huda. Men denne bakterien finnes ikkje i menneskemunnen, og difor er barn heller ikke vaksinert mot bakteriane de blir utsatt for ved bitt. (Kilde : lege Ivar Halvorsen)