Hoggorm safari

I dag nytta eg og Marlin fineværet til hoggormsafari med dei eldste og nokon frå “den hemmeligeklubben”. Vi hadde ikkje veldig store forventningar, men det kitla likevell litt ekstra i magen til både store og små ;). Etter ei lita stund med leiting, og ungane lydige og spente etter meg. Fant vi ein liten grå og svart hoggorm som sola seg. Ein og ein unge fekk komme litt ekstra nært saman med meg for å klare å sjå den. Då kom det ofte eit stille “ Jaaa… der e den…!!

Når vi kom ned til vegen igjen var det ei letta stemning, trur det var mange som hadde hatt ei stor naturoppleving og kjent på mange følelsar. På veg tilbake til bhg kosa vi oss i ein liten foss i grøfta og med masse blomster.

Endelig ein skikkelig vårdag!!!

Springar