På Mellomrommet med Audun Sandvik og celloen hans
Så heldige vi er som fekk besøk av Audun og celloen hans på mandag! Audun hadde ei stor kasse med seg og oppi der låg det ein stooor og flott cello. Celloen gav oss mange ulike lydar: svake, sterke, rare og morsomme lydar, dyre lydar, triste melodiar og lystige melodiar. Det går og an å spele på ei sag, for det viste Audun oss. Saga lagar mange rare og bølgete lydar. Vi vart imponert. Tenk at ei sag kan vere eit instrument! Morsomt var det også når Audun tok fram “ bitteliten”, fiolinen i barnehagen vår. Kva er forskjellen på ein cello og ein fiolin? Vi undra oss saman med Audun, studerte og resonnerte oss fram til at celloen er kjempestor medan fiolinen er mykje mindre. Takk for besøket Audun!