For ein fantastisk tur vi hadde til Veslevatnet
Av og til er det deilig å reise på ein litt lengre tur og besøke nye spennande uteområder. Det gjorde vi i dag med den eldste og mellomste gruppa. Vi bestilte drosje og reiste veeeeeeldig langt, syns barna. På Veslevatnet var det heilt fantastisk å vere. Her hadde vi vatn som barna hadde stor glede av til leik og utforsking: kva kan flyte, kva synker? Er det kaldt eller varmt vatn? Kor langt kan vi kaste steinen? Kor langt kan eg gå ut i vatnet utan å bli våt? Nokon laga vaffelrøre av det dei fann av grums i vatnet.. mmm det smakte godt. Vi kunne også sjå fisken som hoppa i vatnet, men vi var einige om at dette ikkje var “ Lofottorsken “ som vi stadig syng på.
På Veslevatnet er der ein flott barskog som vi hadde mykje glede av. Her leika vi mellom anna omvendt gjemsel og hadde så mange gøymestader mellom busker, tuer, lyng og steinar. Det var spennande å ligge der heilt musestille og vente til alle hadde funnet gøymestaden.
Takk for ein flott dag, med mykje god leik, glede og godt samhold. Dette gjer vi gjerne igjen ;)
Blde frå turen vert lagt ut på bildealbum