Superheltane på overnatting

Det har vore ei spennande natt for 8 små og to store superheltar. Med sommarfuglar i magen møtte vi kvarandre på Stetta i går kveld, med sovepose, kosedyr, snop og bok. Endeleg skal vi overnatte og denne dagen har vi venta lenge på! Etter at barna hadde rydda ut av sekkane sine, funnet ein plass til soveposen og fått kroppen litt på plass, kosa vi oss med taco til kveldsmat. Vi hadde lesestund, leika " dovendyr" og kosa oss med litt snop før tannpussen. Kroppane var spente under soveposen, litt knising og kviskring høyrer med på overnatting. Men så vart det stilt og ein etter ein vert sett på lading. Om morgonen fortel ungane at dei har sove godt, og det trur vi på. For det var heilt stilt heile natta.....  

IMG_4457.JPG
Springar