Vi leitar etter vårteikn

IMG_4113.JPG

Med kvar si teikneblokk og blyant har barna gått rundt i naturen og dokumentert vårteikn. Men kva er eit vårteikn? Her er det så spennande å sjå barnas synsvinkel - kva er det barneaugene ser av det som skjer rundt oss?  Noko av det som vart dokumentert var ulike blomar, myggstikk, sola er på himmelen, fuglane som er tilbake, sandkassesanden er mjuk att! Kryp som kikkar opp frå jorda og lamma hoppar ute på beitet. Vi nyter våren både store og små. Vi er jammen heldig som har mogelegheit til å få med oss den deilige forvandlinga som skjer ute akkurat no. 

Springar