næringsrik kost
Mat i barnehagen
Som barnehage ynskjer vi å vere medvitne på kva vi tilbyr av mat til barna. Saman med foreldra ynskjer vi å gje barna tilgang på mange smakar og næringsrik kost. Vi vil:
- Servere frukt og grønt fleire gonger om dagen
- At vi ilag lagar bursdagsmaten i barnehagen. Her får barn velje ut ifrå ein bursdagsmeny der maten er prega av grønt, frukt og fiber
- At maten på festar i barnehagen er prega av mindre sukker og feitt og meir frukt, grønt og fiber
- Vere på tilbodssida igjen og igjen når det gjeld nye smakar. Barn må ofte smake 10 – 15 gongar før det fell i smak
- Ha fokus på at mat er godt
- Ha måltid der personalet og barn et i lag og har god tid slik at trivsel og samtale får plass
- Ha måltid med felles start og slutt