Flugesnappar, reir og naturvern

Sist veke hadde Ronny utforsking og samtale med barna på Springar om det å ta vare på naturen vår. Vi har oppdaga eit reir frå ein flugesnappar rett ved matbordet vårt. Etter å ha sett fuglen fly fram og tilbake ei stund, tok Ronny bilete av reiret, slik at vi kunne få sjå litt nærare på det som eigentleg befant seg i takrenna vår. Eit fantasktisk syn av herlige små fugleungar. Men det var noko i reiret som ikkje skulle vere der: det var spor av det oppflisa tauet vi har leika med, som flugesnapparen har brukt som materiale då den bygde reiret sitt. Det vart samtale kring forsøpling i naturen, der dyr brukar det dei finn, men som dei og kan bli sjuke og døy av. Ei viktig påminning for oss om at det er veldig viktig å kaste søppel, både stort og smått, i søpla, slik at fuglane og andre dyr kan ha det trygt og godt i naturen.

Springar