Male er kjekt

“ Jaaaaaa maaaaaale ” er reaksjonen til barna når vi spør om nokon vil male. Malinga kjem både her og der. Litt på papir, men og på mange andre plassar. Vi ser undervegs at her vert det mykje å vaske vekk etterpå, men når ein klarar å legge vekk desse tankane og fokusere på kva som eigentleg skjer i ein slik prosess, ser vi at det oppstår så mykje viktig og verdifullt for ungane:
Vi malar og gjer noko saman - som skapar eit fellesskap mellom oss. Vi opplever latter, humor og glede rundt bordet og utforsking av det sanslege som lukt, smak og å føle på malinga. Det er deilig med eit tjukt lag maling mellom fingrane. Fargane blandar seg ihop og lagar ein klissete lyd dersom ein berre har eit godt nok lag maling utanpå kvarandre. Håret kan gå frå å vere gult og lyst til å bli raudt eller grønt og tunga vert blå om ein suttar på ein pensel med blå maling. Om vi kan male i morgon og ? Klart vi kan !

Springar