Vi utforskar snegler

På turen vår til Steingarden på onsdag fann vi ei snegle. Den var klissete og søt. Følehorna stakk ut, men når vi rørte på dei, trakk den dei inn i kroppen sin. Dette var morsomt, syns ungane. Når snegla aka seg bortover barnehanda, kunne vi sjå korleis han drog huset sitt etter seg. Jammen er snegla sterk som bærer sitt eige hus! Etter ei stund med forsking, fann vi også ein pitteliten snegle med eit mindre sneglehus. Undringa fortsatte: veks sneglehusa? Viss ikkje, så blir jo sneglen for stor og må finne seg eit nytt sneglehus. Kor finn sneglen eit nytt sneglehus? Og kva er sneglehus laga av?

De finn fleire bilde av den fantastiske turen vår på galleriet

Springar