Vi lagar basseng!

Snøen har smelta og det har vore vått ute i det siste. Er dette dårleg vær? Vi syns ikkje det…..

For det er kjekt å leike med vatn, spesielt når vi har det i bøttevis! I går laga vi basseng i sandkassa og vi fann rikeleg med vatn på bana. Barna laga ein effektiv bane å frakte vatn på ned til sandkassa. Alle bidrog, med planlegging, samarbeid og utførelse. Det vart ein artig og våt utetid, der vi måtte tømme mange støvlar for vatn når vi skulle inn igjen.

20191204_122316.jpg
Springar