Friluftsliv

Stetta

46151046_506348429846254_7404328308961181696_n.jpg

Etter at den 2. gapahuken vår på Stetta blåste ned vinteren 2016, valde vi  å byggje eit nytt solid byggverk, denne gongen ei hytte. Vi er mykje på tur og uteliv gjer oss alle i barnehagen godt.

Stetta er eit gamalt namn bruk på området der hytta ligg. Føl vi stien til Stetta og vidare forbi hytta vår,  kjem vi ned til Vereide kyrkja som ligg ved fjorden.

Stetta har vore vår turplass i mange år med sin skog, akebakke, tau å balansere på  og andre spennande aktivitetar som lett kan oppstå der. Moglegheitane er mange, og her er det alltid bra å kome uansett vær. Varmen stig inne når det vert fyr på grua i hytta. Då hytta ligg  rett i nærleiken til barnehagen, er den lett tilgjengeleg for liten og stor. Lysfest på Stetta ilag med familiane til barn i barnehagen,  er ein årleg tradisjon og finn stad i november.