DRAMAELEVAR PÅ BESØK MED SPENNANDE PROSJEKT |
||
|
Dramaelevane Ingeborg og Marte har vore hos oss i 4 dagar. Dei har tatt oss med inn i forteljinga om "VÅRFEEN" og "DEN FORUNDERLEGE SKOGEN". Vårfeen trengde vår hjelp for å få "Jern-Bob" til å slutte å hogge ned Den forunderlege skogen! Barna har vore veldig engasjerte frå dag 1, og har bidrege med fantastiske innspel og forslag til å finne løysing på problemet. Vi har vore med på mange spennande arbeidsmåtar. Vi har funne flaskepostar frå Vårfeen, vi har samtala om og teikna Den forunderlege skogen. For å kome inn i skogen (Mellomrommet), måtte alle måle ansiktet sitt med Den magiske penselen. Inne i skogen høyrde vi mystisk musikk, vi såg ein nydeleg himmel, og oppdaga at på bakken låg det strødd hundrevis av stjerner som blinka i lyset! Dette var utruleg, og vi spurde barna kva som hadde skjedd : "Jau, kanskje "Den forunderlige skogen faktisk er i himmelen", eller "Kanskje månen har jaga alle stjernene ned på bakken" var nokon av svara frå barna. Vi har vore mykje ute saman med dramaelevane. Ein dag var oppdraget å samle ting vi finn i naturen og lage fellesbilder av Den forunderlege skogen. Ein annan dag skulle vi møte Jern-Bob som hogg ned skogen. Då laga barna plakatar med sine meiningar på. Og vi samtale om kva vi skulle snakke med Jern-Bob om for å få han til å slutte å hogge ned skogen. Barna har fantastiske tankerekker og mange reflekterte meiningar om dette. "Vist han hogge ned skogen, så faller reira ned og egga knuse, ...og då dør alle fuglane!" og "Vist han hogge ned skogen så blir ekorna lei seg!
Då vi møtte Jern-Bob, forklarte barna han problema, og det viste seg at Jern-Bob var ein fattig og svolten mann, som hogg ned skogen for å få pengar til mat. Då tok barna fram all empatien sin, og inviterte han heim til seg og mamman og pappaen for å ete middag. Eit barn sa "Du kan bli med meg på kafe`", eit anna sa "Eg har mykje pengar, heime, eg kan spørre mamman min om du kan få pengar med meg", eit anna barna sa "Du kan få litt av nista mi". Det heile enda med at barna lærte Jern-Bob å plukke bær som han kunne selge og tene pengar på denne måten! TAKK FOR KJEKKE DAGAR I LAG MED INGEBORG OG MARTE! |
||




